A A A
Bilde fra UKM 2015

Påmeldingsfrist: 15. januar

Bli med på UKM 2016!

Påmeldingsfristen til UKM Norddalen 2016 nærmar seg. Fredag 15. januar klokka 23.00 er siste frist dersom du vil melde deg på.

Når ein spør tidlegare UKM-deltakarar kva dei forbind med UKM Norddalen, er «morosamt» og «glede» ord som går att. «Du blir kjent med mange nye folk med dei same interessene som deg», seier Lene Bekkemellem frå Vågå.  «Ved å utfordre deg sjølv kan du lære mykje om deg sjølv. Du kan òg lære mykje av dei andre deltakarane», seier Lene.

Marta Gangsås Berstad frå Lesja har vore med på UKM fleire gonger. På spørsmål om kva tre ord ho fyrst tenkjer på når ho høyrer namnet UKM Norddalen, svarer ho «morosamt, spennande og sosialt». På det same spørsmålet svarer Trond Tynnøl, også han frå Lesja, mellom anna «profesjonelt». Alle ungdom i alderen 10-20 år kan melde seg på. Deltakarane får skriftleg attendemelding frå dyktige vaksne som fortel dei kva dei gjorde bra og kva dei kan gjere for å forbetre seg.

I 2015 var UKM Norddalen ein av dei største mønstringane i heile landet. På UKM kan du delta med akkurat det du vil. Musikk, dans, teater, kunst, fotografering, litteratur, sceneteknikk, film og nettredaksjon er nokre døme. Det er òg mogleg å melde seg på som konferansier, hvis du er over 13 år. Du kan delta på UKM anten du har vore med før eller ikkje, aleine eller saman med andre. I år finn arrangementet stad den 12.-13. februar i Otta kulturhus.

 

UKM Norddalen

Tid: 12.-13. februar 2016

Stad: Otta kulturhus

Meld deg på her

For meir informasjon, ta kontakt med:

Ane Holen Lorentzen, ung arrangør UKM Norddalen

Telefon: 90 55 75 34

E-post: ane.holo@hotmail.com

 

Om UKM:

UKM er eit landsdekkjande arrangement der ungdom (hovudsakleg i alderen 13-20 år) kan vise kva dei kan og likar å gjere. I Norddalen har vi éi juniormønstring i tillegg til seniormønstringar, så det er òg høve for 10-12-åringar å melde seg på. Før har UKM stått for «Ungdommens Kulturmønstring», men frå og med 2016 skiftar det namn til «Ung Kultur Møtes». UKM er opptekne av at ungdom skal vere med under heile prosessen. Difor er unge arrangørar i år, som i fjor, med og arrangerer mønstringane.

Tips en venn Skriv ut